Velkomen til Lærdal og Sognefjorden - der historia vert fortald!


Foto: Linda Kvam Bjørkum

Kontrasten mellom den flate dalbotnen og dei stupbratte fjella, med fjorden som strekkjer seg innover i det grøne landskapet er noko av det som gjer naturen her inne så spesiell.

Den viktigaste og mest nytta ferdslevegen mellom Bergen og Oslo har alltid gått gjennom Lærdal. Dette vitnar i dag fire parallelle vegar frå ulike tidsepoker om. Vegen som Harald Hårfagre nytta då han drog frå Valdres til Voss, som Olav den Heilage drog på gjennom dalføret på kristningsferda si år 1023 og som kong Sverre førte birkebeinarane sine på i 1177. Frå den gong til i dag har vegen gått frå kløvsti til Europaveg. Med Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel (24,5 km) som opna i år 2000, vart kommunen på ny knutepunkt i samferdsla. Dei mange historiske vegane er i dag gode turvegar i spennande kulturlandskap. 

Opne brosjyra "Velkommen til Lærdal" og les meir om kvar du finn dei ulike attraksjonane og tilboda.

Sjekk turistkontoret for aktivitetar og opplevinger, eller sjå www.sognefjord.no

 

 


Nokre attraksjoner du må få med deg!

 
Borgund Stavkyrkje

http://www.stavechurch.com/borgund/
Kirke
Borgund Stavkyrkje ligg i Lærdal i Sogn, og er bygd kring år 1180. Ho er svært godt bevart, og er den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.

Du finn Borgund Stavkyrkje 30km frå Norsk Villakssenter. Spør i resepsjonen - vi har kart og bussruter!

 

 

 


 

Gamle Lærdalsøyri

"161 sMagnhildmaa hus tæt til sammen..." slik såg biskop Pontoppidan Lærdalsøyri på ei reise gjennom Lærdal i 1749. No omfattar området eit bygningsmiljø frå 1700-1800-talet med 161 verna bygningar. Eit sjeldsyn på Vestlandet! Handverksutsal, reiseminne, antikk, kafe, galleri, telemusem, postmuseum, samferdslemuseum og Lærdalsmarknaden er noko av det du finn her.

Sjekk turistkontoret for meir informasjon eller sjå www.sognefjord.no 

 


Foto: Magnhild Aspevik

 


 
Turist i Lærdal

Last ned brosjyren "Velkomen til Lærdal" - her finn du informasjon om alt frå attraksjonar, aktivitetar, overnattingsmuligheter og serveringsstader. Samt historia om Lærdal og når de første turstene kom til dalen. Og mye nyttig informasjon.

Meir informasjon om nærområder og stader langs Sognefjorden finns på flg nettsider. www.sognefjord.no, www.laerdal.kommune.no  eller www.fjordnorge.no

Sjå den 360grader vising frå fjordarmane inst i Sognefjorden - med Nærøyfjorden.

Fleira 360graders visning frå Fjordnorge her.


Velkommen til LÆRDAL - fjella omkring og fjordopplevelser!

Norsk Villakssenter

6886 LÆRDAL
+47 915 51 043
post@norsk-villakssenter.no

Her finner du oss
Opplev villaksen på nært hold
En minneverdig opplevelse av laksens verden