Observatorium med villaks frå Lærdalselva


Sjå villaksen og sjøauren i elvestraumen -  i den 20 meter lange laksehølen. Så nær at du nesten kan ta på storlaksen...
 
Fiskane du ser i hølen har anten gått fritt inn frå elva opp gjennom laksetrappa, eller dei har vorte fanga og sette ut i hølen. Om våren (mai og deler av juni) ser du laks og sjøaure som har overlevd vinteren i elva. I sommar-månadene (juni, juli og august) ser du mest ny fisk som har komme inn frå vandringa i hav og fjord.

Ut over hausten får fiskane gradvis gytedrakta på seg - hofisken vert mørk og hannfisken får eit raudskjær. Seint på hausten kan du oppleve å sjå korleis hofisken førebur gytinga ved å grave i elvegrusen, og korleis den dominerande hannfisken jagar vekk "konkurrentane".

 

Vil du lese om laksefiske i Lærdalselvi -gå inn på websida http://laerdalselvi.no/laerdalselvi/

Frå sesongen 2014 vart det opna for flugefiske. Meir informasjon sjå websida over.!

Norsk Villakssenter

6886 LÆRDAL
+47 915 51 043
post@norsk-villakssenter.no

Her finner du oss
Opplev villaksen på nært hold
En minneverdig opplevelse av laksens verden