Om Norsk Villakssenter - besøkssenteret i Lærdal kulturhus


Norsk Villakssenter ligg inst i Sognefjorden på breidda av Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Senteret gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.


Ved eit besøk på senteret kan du mellom anna læra om:

  •     Den farefulle oppveksten til lakseungane
  •     Kvifor laksen vandrar ut i havet
  •     Korleis laksen finn attende til fødeelva
  •     Kva som er leveområdet til laksen
  •     Kor langt ein laks kan symje kvar dag, og kor snøgt han sym
  •     Kvifor laksen er raud i kjøtet
  •     Kvifor den vaksne laksen sluttar å ete når han går opp i elva for å gyte
  •     Korleis laksen overlev dei iskalde vintrane i Lærdalselva

 

Sogn Kunstsenter

I same hus som Villakssenteret og Lærdal kulturhus ligg Sogn kunstsenter. Sogn Kunstsenter opna juni 2011.

Like før Lærdalskunstneren Hans Gjesme døydde i 1994 gav han heile livsverket sitt til Lærdal Kommune. Omlag 1500 kunstverk i form av skisser og ferdige verk. Dette er take vare på av Sogn Kunstsenter.

Sogn kunstsenter er ein del av Sogn og Fjordane kunstmuseum som igjen ligg under Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

Sogn Kunstsenter sett opp ulike utstillingar, og sommaren 2018 vil utstillinga " Hans Gjesme og årstidene" vere å sjå i salane. 

Inngangsbillett til kunstsenteret kostar kr. 35 per pers, medan det er gratis inngang for born under 18 år og ledsagar.

Meir informasjon om Sogn Kunstsenter kan du få på http://sfk.museum.no/nn/node/41

 

Opplev villaksen på nært hold
En minneverdig opplevelse av laksens verden