UTSTILLINGANE Utstillingane fortel om Atlanterhavslaksen sitt livsløp og vandringane i havet, trugsmåla mot dei ville laksestammene, og gir innblikk i korleis mennesket har jakta på laksen opp gjennom tidene. Utstillingane er delt inn i følgjande tema:

Fiskeglede

Fotografi av glade sportsfiskarar i Lærdal gjennom siste 100 år

Internasjonalt samarbeid om laksen

Utstilling frå NASCO

Forsking om laksen

Utstilling frå Norsk institutt for naturforsking

Pionerane innan sportsfiske etter laks

"Dei søkte vill natur - og laks..."

Laksefiske i Sognefjorden

Reiskap og fangstmetodar i fjordfiske etter laks

Lærdalselva

Kartmontasje som syner elvestrengen med namn på hølane

På veg heim med fangsten

Motorsykkelen eignar seg godt til transport!

Kongen og laksen

Om Hans Majestet Kong Harald si tilknyting til Lærdal

Sportsfiskeutstyret

150 års utvikling av sneller, stenger, snører osv...

Tradisjonelt laksefiske i elva

Gamle fangstreiskapar til elvefiske

Laksen og mennesket

Forhistoria: Mytologien, lovene og naturhistoria

Flugebindarverkstad

Om fjør, silke, krokar, handverk og folk...

Livssyklusen

Laksen er utsett for predatorar gjennom heile livet

Forvaltning av laksen

Utstilling frå Direktoratet for naturforvaltning

Overleving gjennom lakselivet

Kor mange egg vert til vaksen gytelaks?

Oppvekst i elva

Lakseungar gjennom tre stadie: Yngel, parr og smolt

Gytescene

Tørrakvarium som syner ei gruppe laks på gytestaden

Gyrodactylus Salaris

Parasitten som drep

Eventyret om Atlanterhavslaksen

Introduksjon til utstillingane

Atlanterhavsområdet

Laksen sitt leveområde - utbreiing og vandringar

Vassdraget og kraftutbygginga

Lærdalselva - lakseelv og kraftprodusent

Lakseobservatorium

"På botnen av ein høl" - laks og sjøaure frå elva
Opplev villaksen på nært hold
En minneverdig opplevelse av laksens verden